Postet av
Gol IL
den
24. Apr 2014
Eit liv med idrett
Idretten har gitt han utruleg mykje.
Men
han har også gitt idretten meir
enn dei fleste. Jon Brunborg, «Gol idrettslag personleg», fyller 75 år.
Eg har intervjua han i «Golingen», som me starta opp saman i
1975, både då han fylte 50 og då han runda 60. Det får greie seg, meiner han,
det får vere måte på fokusering!
Men det har
hendt mangt sidan 1998, då han fylte 60. Han har vorte utnemnd til æresmedlem i
idrettslaget, han har fått Gol kommunes kulturpris og han har fått
Frivilligprisen av Gol helselag. Alt saman vel fortent. Så du slepp nok ikkje
unna, Jon, «Golingen» kjem på kaffibesøk!
Betydd alt
Jon var den
fyrste fast tilsette og lønna daglege leiaren i Gol idrettslag, til han avrunda
yrkeskarrieren i 2001. Før den tid hadde han i nærare 50 år, etter at han og
familien kom til Gol frå Voss i 1952, lagt ned ein enorm frivillig innsats for
idretten. Som aktiv i fotball, dommar, administrator, dugnadsarbeidar m.m. Han
var også leiar i Valdres og Hallingdal Fotballkrets i ein periode på slutten av
1960-talet.
-Kva har
idretten betydd for deg?
-Den har
betydd alt, vil eg seie. Det har vore mi store interesse heile livet. Å
organisere har kanskje vore min styrke. Kunstgrasbanen og seinare klubbhuset
vart begge bygde med ein enorm dugnadsinnsats. Det er kanskje av dei beste
minna eg sit att med.
Knock out på is og snø
Som aktiv
var det fotball som var hans idrett. Med spinkle mein, men med hovud på rette
plassen og finslepen teknikk.
-Har du vore
innom andre greiner?
-Å ja da. Eg
gjekk mykje på skøyter og hugsar eg var med i KM på Nesbyen. Seinare fekk eg
nok då eg tapte med nesten ein runde for Finn Hodt på 1500 meter! Og same med
ski. Der gjekk eg langrenn på Geilo ein gong, og hugsar Ingrid Wigernæs slo meg
så j... at eg skjønte det ikkje var nokon framtid der heller, ler han.
Men både
Finn Hodt og Ingrid Wigernæs var jo både nasjonale og delvis internasjonale
namn, så kanskje slutninga var for rask?
Ord som varmar
I seinare år
er det mange som takkar Jon for at han for fem-seks år sidan sette i gang med
Seniortrimmen. Den har vorte umåteleg populær. I dag er det med så mange som
60-70, fordelt på to parti. To gonger i veka møtest dei på klubbhuset. Der er
det fyrst ut å gå ein times tid, før dei har ei økt med styrketrening. Og
avsluttar med kaffikos. Den sosiale biten er ikkje den minst viktige.
-For ei
stund sidan var det ei som kom til meg og sa at «du har faktisk redda livet
mitt med dette!» Det er ord som går til hjarta, og som gjer det vel verd å
halde på, slår han fast.
Og halde på
har han tenkt å gjere. 75 er ingen alder, sjølv om gamle fotballskadar er
merkbare både her og der.
Takk for
kaffien, Jon, og takk for praten. Eg kjem att når du fyller 100!
Kjell
Slåtten
Eventuell
bildetekst:
Sportsidiot: I godstolen, klar for
helgas sport på TV. - Eg er sportsidiot, vedgår Jon.
Last ned som tekstfil: Eit liv med idrett J.B..docx
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.